DOGGDROPAR, reine og
fine
Nokon store, nokon
små
Vakkert ligg dei på
bladet og blenkjer
I morgonsola varm og
ny
Skaparen ville det
slik
At det vi ser i
naturen gjev undring og håp
Alle små detaljar har
eit evig perspektiv
Er nøye med i planen
Ein liten doggdrope
kan synast liten
Men er for planten
største kjelda til liv
ORD, varme og milde
Nokon store, nokon
små
Står der i boka og
lyser
Kvar morgon blir alt
nytt
Skaparen ville det
slik
At det vi leser i
boka gjev undring og håp
Alle små detaljar har eit
evig perspektiv
Er nøye med i planen
Eit lite ord kan synast
lite
Men er for menneska
største kjelda til fred
MENNESKE , sterke og
stolte
Stundom trist,
stundom glad
Inderleg prøver me å
gjera det gode
Men sviktar gong på
gong
Skaparen ville det
slik
At alt me opplever i
livet gjev undring og håp
Alle små detaljar har
eit evig perspektiv
Er nøye med i planen
Eit menneske må klara
verta liten
for å få del i Guds
frelsesplan
Berre skjult i Jesus får vi EVIG LIV OG EVIG FRED