Tenk å kunne se verden fra en flues perspektiv....
Velkommen til BLOGGEN min!

onsdag 5. januar 2011

Undring og håp


DOGGDROPAR, reine og fine
Nokon store, nokon små
Vakkert ligg dei på bladet og blenkjer
I morgonsola varm og ny
Skaparen ville det slik
At det vi ser i naturen gjev undring og håp
Alle små detaljar har eit evig perspektiv
Er nøye med i planen
Ein liten doggdrope kan synast liten
Men er for planten største kjelda til liv


ORD, varme og milde
Nokon store, nokon små
Står der i boka og lyser
Kvar morgon blir alt nytt
Skaparen ville det slik
At det vi leser i boka gjev undring og håp
Alle små detaljar har eit evig perspektiv
Er nøye med i planen
Eit lite ord kan synast lite
Men er for menneska største kjelda til fred


MENNESKE , sterke og stolte
Stundom trist, stundom glad
Inderleg prøver me å gjera det gode
Men sviktar gong på gong
Skaparen ville det slik
At alt me opplever i livet gjev undring og håp
Alle små detaljar har eit evig perspektiv
Er nøye med i planen
Eit menneske må klara verta liten
for å få del i Guds frelsesplan
Berre skjult i Jesus får vi EVIG LIV OG EVIG FRED


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig hyggelig om du vil skrive en kommentar

Fine taler

Viktig video!! En utrolig god og tankevekkende video!!

For Norsk tekst; trykk på CC

Mine videoer på VIMEO

Favorittsanger

Powered By Blogger